mandag 7. mai 2012

Bli med 5. og 6.klasse på Lalm til Eventyrisen

Onsdag 25.april var 5. og 6.klasse frå Lalm skule på tur til Eventyrisen (Svellnosbreen). Her kan du sjå bilete og lese meir om turen.


Klart for avgang. Naudsynte beskjeder blir gjeve.


Elevane studerer kartet for å finne ut kor vi er hen og kor vi skal.

Skilt som viser at vi no går inn i nasjonalparken. 

Vi tek ein stopp for å prate om lav. Her om kartlav og kor lenge den har vore i Noreg og korleis vi kan sjå kor gamal han er.

(Alle foto ovanfor: Nataliya Holovan. Alle foto nedanfor: Frode Sandum)
Omsider kjem vi opp til breen, og her kan du sjå bilete frå den fantastiske vandringa på og i Eventyrisen.





Turen er ein del av undervisningsopplegget dei har utvikla på Lalm; Med reinen som læremeister. Akkurat denne turen var i samarbeid med "Klimapark 2469", ein viktig samarbeidspart for skulane i Vågå.

Denne turen vart arrangert under besøk frå Tyskland som ein del av eit Eu-prosjekt Vågå er med i. Målet er å utvikle uteskulemetodikk i lag.

fredag 4. mai 2012

På Norsk fjellmuseum for å lære om steinalderen

Tysdag i førre veke var 2.klassingane frå Vågåmo og Sjårdalen skule på Norsk fjellmuseum i Lom der dei fekk lære meir om steinalderen. Dette er eit tema dei har jobba mykje med, og vi kan faktisk seie elevane no er ekspertar på steinalderen. Sjå bilete og les om dagen her.

Nataliya frå Norsk fjellmuseum tek med elevane på vandring i utstillinga, og her får dei lære meir om dyr, om is og funn som er blitt gjort i isen.

Nataliya tek med ivrige elevar opp til Presthaugen for å fortsette aktivitetane der.


Elevane får kjenne på ei pil og ein pilespiss folk nytta i steinalderen.

Kva åt folk i steinalderen? Åt dei maur kanskje?


Så skal vi få lov til å skyte med pil og boge slik ekte jegarar i steinalderen gjorde.

Alle elevane får prøve seg som jegarar.

Så skal vi lage ild som dei gjorde i steinalderen. Vi prøver å gni hendene saman for å sjå og kjenne om vi klarar å utvikle varme.

Dag Inge viser elevane korleis steinalderfolk lagde ild

Lærar Olav Tøfte får også prøve seg. Men vi klarar ikkje lage ild.

Med ein boge går det mykje betre. Vi ser til og med røyk! Men å lage ild i steinalderen var hardt arbeid, og det var difor viktig å ta godt vare på ilden når dei fyrst hadde klart å lage han.

No har vi både jakta og laga ild. Då er det på tide å ete som steinaldermenneske gjorde.


Steinalderfolk måtte også ha noko å bære med seg ting i. Vi fekk difor lage ein ekte skinnpung.

Vi avslutta dagen med ein stafett der vi fekk lære meir om dyr som lever i skogen.

Tusen takk til Norsk fjellmuseum for ein fantastisk dag.

Denne dagen vart arrangert som ein del av eit EU-prosjekt Vågå har fått støtte til (Comneius regio). I prosjektet skal vi utvikle uteskulemetodikk i lag med Norsk fjellmuseum/Klimapark 2469. Denne veka hadde vi besøk av vår tyske partnerregion, som skulle få vere med på dei metodene vi driv med her i Noreg.

mandag 23. april 2012

Besøk frå Tyskland denne veka

Denne veka (23.april-26.april) får Vågå besøk frå Bad Tölz i Tyskland som ein del av Comenius-prosjektet vi er med i. I løpet av denne veka skal dei tyske gjestane mellom anna få vere med 2.klasse på Fjellmuseet og 5. og 6.klasse på Eventyrisen.


Målet med samarbeidet er å dele uteskulemetodikk og praktiske undervisningsmetodar knytt til klima, energi og miljø. Samarbeidet på norsk side er mellom Fjellmuseet i Lom/Klimapark 2469 og barneskulane i Vågå. Tilsvarande partar er med frå tysk side.

Steinalderdag på Fjellmuseet

Tysdag får våre tyske gjester vere med 2.klasse frå Vågåmo og Sjårdalen på Fjellmuseet i Lom der dei skal lære om steinalderen. Det er Nina Andby frå Vågåmo skule og Olav Tøfte frå Sjårdalen som i saman med fjellmuseet i Lom er ansvarleg for opplegget. Dette er ein del av ein gjennomgåande plan for tidsaldrar dei er i ferd med å utarbeide for 1-4.klasse.

Bretur på eventyrisen

Som ein del av undervisningsopplegget ”med reinen som læremeister” skal tyskarane få vere med 5. og 6.klasse på Lalm på bretur på eventyrisen. Det er Frode Sandum i samarbeid med Klimapark 2469 som står for opplegget. Her får gjestane våre moglegheit til å lære både om undervisningsopplegget og litt om det vi i Noreg ser på som friluftsliv i skulen.


Metodekort på Vågåmo skule

Samarbeidet mellom dei to regionane i kvart sitt land går mellom anna ut på at vi utvekslar det vi kallar metodekort, der vi skriv kort om metodane vi prøver ut, og skildrar med bilete og framgangsmåte.


Bilete er frå undervisningsopplegg i naturen i Bad Tölz.

Desse metodane skal vi diskutere i løpet av besøket, og på Vågåmo skule skal lærar Anders Nordnes mellom anna vise ei av metodane i praksis. I tillegg får tyskarane moglegheit til å få med seg ei morgonsamling, og få vere med i ei klasse for å sjå på ein heilt vanleg skuletime.

Du kan lese meir om samarbeidet på bloggen til prosjektet:

http://www.cometonatureandschool.blogspot.com/

fredag 23. mars 2012

Matematikkdag på Lalm

Onsdag denne veka hadde mellomsteget på Lalm matematikkdag. Der fekk elevane praktiske oppgåver dei måtte løyse i fellesskapet. Målet med dagen var altså både å samarbeide, samt å oppnå kompetansemåla i matematikk.



Ei av oppgåvane var å finne ulike mål på ting i skulegarden. Elevane fekk prøve seg på både omkrins og areal.

Ei av dei andre oppgåvene var å finne fram til rett temperatur på vatn. Her måtte elevane resonnere i lag for å finne fram til rett svar. Og nokon fekk eit stort sjokk då dei fekk rett svar frå lærar Frode.

Ei annan oppgåve var å måle opp to kilo, ein kilo og ein halvkilo sand i ein kartong. Elevane skulle også her resonnere seg fram til rett vekt før dei kunne setje kartongen på vekta og få rett svar.


Dagen hadde også plass til mat. I matpausa gjekk elevane opp til lavvoen for å grille og kose seg på det fantastiske uteområdet til Lalm oppvekstsenter.

torsdag 16. februar 2012

Solfest i Sjårdalen

Torsdag 16.februar vart det arrangert solfest i Sjårdalen. Og jammen dukka ikkje sola opp undervegs i festen også!

Alle ungane syng songar om sola.

Dans frå Dunderly ved ungane i barnehagen.

Norrøn mytologi Odin ønskjer å bli vis, og vil difor drikke frå brønnen til Mime. For å få lov til det må han byte bort auga sitt.

Så kom vi til høgdepunktet; dramatiseringa av Trymskvida.
Trymskvida går i korte trekk ut på at jotnen Trym stjel hammaren frå guden Tor. For å få attende hammaren krev Trym å gifte seg med Frøya.

Frøya vil slett ikkje gifte seg med Trym. Dei blir difor einige om at Tor skal kle seg ut som Frøya, og at dei skal lure Trym.

Det ender med at Tor drep Trym og får attende hammaren sin.

Tusen takk til Sjårdalen oppvekstsenter for flott underhaldning frå ungane og elevane, og takk til alle som hadde møtt opp for å sjå på. Dette var absolutt ei oppleving verdt å få med seg!

Til Madagskar for å finne kakao

Det er sjokolade som står på menyen i smaksprosjektet om dagen. Ungane i alle dei kommunale barnehagane lærer mykje om sjokolade; korleis han smakar og kor han kjem fram.

I dag skulle ungane i Søre Grindstugu barnehage lage to typer med sjokolademjølk; ein med kakaopulver og ein med sjokolade i. Og kor må ein reise for å finne ingredienser? Jo; til Madagaskar!

Ro, ro, ro din båt - heilt til Madagaskar!

Sjokolade er henta frå Madagaskar og vi kan lage sjokoladedrikk.


Spanande å smake på ulike typer sjokolademjølk, og ikkje minst å lære kvar sjokolada i butikken eigentleg kjem frå!

onsdag 15. februar 2012

Regnmakardag for 5-7.klasse

13. og 14.februar hadde Vågåmo og Lalm skule besøk frå Regnmakarane og Klimapark 2469 som hadde sett saman eit kjempeopplegg for oss. Vi lærte kva ein Regnmakar er og vi lærte om energi, klima, miljø og om søppelsortering. Sjå bilete her.

Ballongbil-bygging
Elevane på Vågåmo skule i full gang med å byggje ballongbil. På slutten av dagen skal det vere konkurranse; kven kan få bilen til å gå raskast berre ved hjelp av luft i ballongen?
Konkurranse mellom 5.klasse om kven som skal representere dei i superfinalen på slutten av dagen.

Kjeldesortering
Kurshaldar og regnmakar Hans Christian Johnson fortel om kjeldesortering, og oppfordrar også elevane til å jobbe for at Vågå kommune blir flinkare på kjeldesortering.

Søpplesorteringskonkurranse på Lalm.

Vær, klima og is
Klimapark 2469 hadde ein eigen post om vær og klima, og der elevane fekk lov til å bli kjend med isen sine fantastiske eigenskapar.

Konkurranse og oppsummering
Den store ballongbilkonkurransa på Vågåmo skule er i gang.
Det stolte vinnarlaget i ballongbilkonkurransa.

Eit kjemisk ekspriment på slutten. Vernebrilla må på. Spenningen stiger; kva skjer når vi heller innhaldet i denne over i den andre?